Hallgivarar blir brukte i alle typar industri for å registrere ei eller anna form for rørsle. I bilar blir dei oftast brukt som veiv- eller hjulsensorar for å registrere ei rørsle.
Hallgivarar er avhengige av eit spenningssignal for å verke. Utan dette verkar de ikkje. I tillegg må dei være jorda. Den tredje leidningen er sensorleidningen. Den sender eit firkanta spenningssignal opp til for eksempel motorcomputeren. På same måte som induktive sensorar, registrerer hallgivarar også ei rørsle ved at for eksempel ein tannkrans roterer framfor tuppen av sensoren. Det fører til ein induksjon som gir eit firkanta spenningssignal som vist på side 180 i læreboka.