Gasspjeldsensor
Motorisert gasspjeld og gasspjeldsensor
Symptom ved feil
- Ved feil på det motoriserte gasspjeldet kan
- motorlampa lyse
- motoren gå i nødfunksjon
- motorturtalet bli verande uendra når vi trykkjer på gasspedalen
- vi føle at motorturtalet ikkke aukar heilt i takt med kor mykje vi trykkjer på gasspedalen
Årsaker til feil
- Årsakene til feil kan vere:
- Brot på leidningsnettet til det motoriserte gasspjeldet
- Feil ved det motoriserte gasspjeldet. Brot eller kortslutning
Korleis feilsøkje?
- Vi kan søkje etter feilen ved:
- Diagnosetest
- Å sjå etter fysiske feil på leidningsnettet og kontakten til spjeldet. For eksempel sjå etter brot på leidningar eller irr i kontaktar
- Oscilloskopmåling. Sjå om dei avlesne verdiane stemmer med tekniske data
- Å gjere fysiske målingar av leidningsnettet