7.3

Ein diode er ein topola elektrisk/elektronisk komponent. Dei to polane blir kalla anode og katode. Dioden kan stort sett berre leie elektrisk straum frå anoden til katoden. Denne retninga kallar vi dioden si leieretning, og den føljer pila i diodesymbolet. Den andre retninga kallar vi dioden si sperreretning.

Dioden skal tvinge straumen til å gå berre éin veg. Den blir i hovudsak brukt i generatorar for å tvinge en vekselspenning over til likespenning.