Det kan vere mykje støy frå tunge køyretøy. Foto: ScandinavianStockPhoto, Knut Ekanger. |
Støy frå vegtrafikk er sett saman av støy frå motor og drivverk pluss dekkstøy. Trafikkstøy kan vera plagsamt for dei som bur og oppheld seg ved strekt trafikkerte vegar. Ein trafikkert veg kan modellerast som ein linjekjelde, så støyen avtek ikkje like snøgt med avstanden som frå ei punktkjelde. Det er utvikla fleire modellar for å finna støynivået i nærleiken av vegar, men på grunn av at terrenget rundt vegen har stor innverknad på utbreiing og dempinga av støyen er det ofte vanskeleg å fastslå støyutbreiinga nøyaktig. Mykje tyder på at det i tida framover kan ventast krav om mindre støy frå lastebilar.
Kjelde: Wikipedia.