Skrubberadien

Skrubberadien er ein vinkel vi i utgangspunktet ikkje kan justere, men vi kan påverke den ved for eksempel å setje på «spacarar» eller endre på innpresset til felgen slik at hjulet for eksempel kjem lenger ut i hjulbrønnen.

Skrubberadien er avstanden mellom kontaktflata hjulet har til vegbanen og forlenginga av senterlinja til svingaksen. Den er positiv når linja i svingaksen ligg innanfor dekket si kontaktflate mot bakken. Den er negativ dersom linja fell utanfor dekket si kontaktflate mot bakken.

Svingaksellinja er den linja som hjulet svingar rundt. Tenk på kva som svingar når vi vrir på rattet. På ein bil med MacPherson hjuloppheng er det fjørbeinet som vrir seg. Forlengar vi fjørbeinet si linje til bakken, har vi svingaksellinja.

Samspelet mellom cambervinkelen, KPI og innpresset til felgen har innverknad på skrubberadien. Er skrubberadien om lag 0, blir styrina tung. Vi merkar dette spesielt i sakte fart. Grunnen er at dekket vrir seg.

For stor skrubberadius kan vi få for eksempel dersom vi har montert på «spacarar» eller sett på felgar med innpress som gjer at hjulet kjem lenger ut i hjulbrønnen. Det gir svært følsam styring, spesielt ved skeiv bremsing, ujamn vegbane eller ubalanse i hjula. Bilen blir også i dette tilfellet tung å styre.

Skrubberadius.jpg

Til venstre: positiv skrubberadius
I midten: skrubberadius 0
Til høgre: negativ skrubberadius