4.9

Her er oppgåvene til nokre av motorkomponentane i oppgåve 8. Vi har valt ut dei komponentane som lærlingane ofte slit med å forklare:

Termostat

Termostaten er til for å oppnå raskare temperaturauke på motoren og sikre at motoren jobbar under så gode forhold som råd. Den er i dei fleste tilfelle ein mekanisk ventil som opnar seg når temperaturen når eit bestemt nivå. I ventilen er det voks som ved utvidar seg når temperaturen stig og pressar ut eit stempel som er i kontakt med ein ventil. Når stempelet flyttar seg, opnar ventilen for ein kjølevatnsirkulasjon til radiatoren slik at kjølevæska kan kjølast ned. Når motoren er kald, sirkulerer kjølevæska berre rundt på sjølve motoren og kupéen for å raskast mogeleg oppnå driftstemperatur for å redusere drivstofforbruket.

Oljepumpe

Oljepumpa skal byggje opp eit oljetrykk slik at olja sirkulerer rundt i motoren via oljekanalar ut til lager i motoren. Når olja kjem til lagra, blir den pressa inn mellom dei delene og skapar ein film som er tjukk nok til å hindre fysisk kontakt mellom delane. Dersom trykket fell, kan delane komme i kontakt med kvarandre og ta skade. Olja er med andre ord motoren sitt lager. Derfor har motoren ein oljetrykkregulator for å sikre at oljetrykket ikkje blir for høgt og ein oljetrykksbrytar/vakt for å sikre at trykket ikkje blir for lågt. I tillegg skal oljefilteret sikre at ingen partiklar kan skade dei rørlege delane i motoren.

Register

Registeret skal sikre at veivaksel og kamaksel går i takt med kvarandre. Éi tann feil på registeret kan gjere at ventilen blir opna éi tann for tidleg eller for seint. Resultatet er dårleg yting og i verste fall motorhavari. Registeret driv ofte også vasspumpa mm.

Stempel og stempelringar

Stempel og stempelringar skal sikre eit høgt nok kompresjons- og forbrenningstrykk ved å tette mellom sylinder og stempel. Den nedste stempelringen er ein oljeskrapering som skal skrape vekk overskot av olje frå sylinderveggen.

Kamaksel og veivaksel

Desse er forklart i svaret til spørsmål 3.