1.11

Alle koplingshylser sit fast til akslingen dei er festa på, men det gjer ikkje girdrevet. Når vi flyttar skiftegaffelen mot det drevet vi ønskjer, pressar vi samstundes ein synkronring som ligg mellom girdrevet og koplingshylsa mot konet på girdrevet. Synkronringen glir mot eit kon på girdrevet, og dersom koplingshylsa og girdrevet går med ulik hastigheit, blir hastigheita redusert til dei får same hastigheit. Dersom ikkje det hadde skjedd, ville koplingshylsa ikke klart å gå i inngrep med girdrevet utan skrapelydar.