Leiar, ofte kall elektrisk leiar, er ein komponent som leier elektrisk straum på ein svært god måte. For eksempel ein leidning av kopar. Kopar, sølv og gull er gode leiarar
Halvleiarar er stoff som ikkje er gode elektriske leiarar i rein form, men som under visse forhold kan leie straum godt. Det mest vanlege halvleiarmaterialet er i dag silisium (Si), som er utgangspunktet for mange elektronikkomponentar, for eksempel transistorar og diodar.
Isolator er eit materiale som ikkje leier straum. Eksempel på dette er plast eller gummi.