Plattbil med bakmontert kran. Foto: Wikimedia Commons, High Contrast. Attribution-Share Alike 3.0 Unported. |
Plattbil er ein lastebil med open platt. Platt utan karmar blir nytta for transport av last som er breiare enn platten. Det er då viktig at lasta blir godt sikra. Det vanlegaste er at platten har karmar som kan fellast ned og luke bak. Platten kan vere med eller utan tipp. Den siste typen vert òg kalla tippbil.
Typiske oppgåver er transport av ulike typar stykkgods, sand og grus, byggematerialar og liknande. Plattbilar er svært fleksible og blir i nokon grad nytta til transport av tømmer, pukk, korn og anna last som normalt blir transportert med spesialbilar. Når dei vert nytta for bulklast, som til dømes korn, krevst det høge karmar med presenning over.
Mange plattbilar er utstyrte med hydraulisk kran, slik at ein ikkje er avhengig av gaffeltruck, hjullastar eller separat kran for lasting og lossing. Krana kan vera plassert mellom førarhuset og platten, eller bak platten. Den siste plasseringa har den føremonen at krana kan nyttast både for bil og hengar. Bakmonterte kranar er ofte utstyrte med snøggkopling slik at dei kan demonterast når dei ikkje er i bruk.
Plattbilar er den eldste typen lastebil.
Kjelde: Wikipedia.