Kjølevasstemperatursensoren
Vasstemperatursensor.
Foto: Karl A. Wikse.
Feil og symptom som kan oppstå dersom kjølevasstemperatursensoren ikkje verkar
Startvanskar
Auka drivstofforbruk
Bilen trekkjer dårleg, låg effekt
Motorlampa lyser
Moglege årsaker til feilen
Brot på sensoren
Brot på leidningsnettet
Feil ved ECU
Korleis vi feilsøkjer
Vi bruker diagnosetestar og les ut eventuelle feilkodar.
Vi ser etter skadar på sensoren og på tilhøyrande leidningar
Vi bruker er-verdiar/parametermålingar
Vi måler motstanden på sensoren. (Dersom vi har teke den ut, kan vi varme den opp for å sjå om motstanden avtar ved oppvarming.)
Vi måler leidningane til/frå ECU for å kontrollere kontakten mellom ECU og sensoren.