Det finst mange ulike utformingar av hjuloppheng. Men hovudprinsippa er få, og alle systema har både fôringar, lager og kuler. I denne nettressursen finn du videoar som syner korleis vi kan kontrollere og vurdere hjuloppheng.
Det er svært viktig at vi er sikre på korleis vi utfører kontroll av hjuloppheng slik at vi så sikkert som råd er kan oppdage eventuelle feil og manglar. I tillegg må vi for eksempel vite kvifor det blir brukt fôringar med «fjørande» eigenskapar og ikkje ei «bærekule» i staden. Eller kvifor nokre bilar ha MacPherson hjuloppheng medan andre har multilink hjuloppheng. Eller kva som for eksempel skjer med cambervinkelen når vi lastar på ein bil med multilink hjuloppheng, samanlikna med ein bil som har MacPherson hjuloppheng. Er det skilnader, og i så fall kva skilnader?
Hjuloppheng er ein «vitskap». Ikkje noko ved hjulopphenget er tilfeldig. Det er viktig for oss mekanikarar å vite korleis hjulopphenget verkar og hva som er årsaka til at for eksempel castervinkelen er feil. Kva må vi byte dersom vinkelen ikkje kan justerast?
Vi må lære oss alle hjulvinklane på ein bil. Det er ikkje nok berre å kunne namna på hjulvinklane, vi må forstå kvifor dei er der og kva skjer når dei er utanfor toleransegrensene. Vi kan ikkje skifte deler berre på mistanke, vi må være sikre.