Bremsar er eit viktig emne som du kjem til å få mange spørsmål om under fagprøva. Du får truleg spørsmål om dei ulike komponentane i bremsane og korleis dei verkar. For eksempel vil sensor ofte høyre om korleis klossane på skivebremsar returnerer.
Svært mange tar for lett på dette emnet fordi dei har jobba svært mykje med bremsar i læreperioden. Problemet er at sjølv om vi har jobba mykje med bremsar, har vi gjerne ikkje sett oss godt nok inn i korleis dei verkar.
I dette kapittelet er dei fleste bremsekomponentane nemde, og til nokre av dei finn du forklarande filmar.