10.11

Bedriftskulturen er alle dei uskrivne reglane som dei tilsette lever etter.

For eksempel er det dårleg bedriftskultur når det er "godteke" at tilsette tar seg til rette og stel frå arbeidsplassen. Eit anna eksempel på dårleg bedriftskultur når tilsette har for vane å ta ekstra lang lunsjpause eller komme for seint på jobb. Også mobbing på arbeidsplassen er eksempel på dårleg bedriftskultur.

Ein god bedriftskultur syter for at det ikkje er grobotn for dårlege haldningar, og set ein stoppar for slike haldningar før dei spreier seg mellom dei tilsette.