Naglar. Foto: Wikimedia Commons. |
Blindnaglar i aluminium. Stamma blir trekt ut ved nagling. Foto: Wkimedia Commons, Jcmaco. Attribution-Share Alike 3.0 Unported. |
Ein nagle, som også blir kalla klinke, klinknagle eller nite, er ei mekanisk festeordning som består av ein slett sylinder med eit hovud i den eine enden. Naglar blir brukte til å binde saman to arbeidsstykke. Dei blir sette i eit hol som er bora ut på førehand, med hovudet på den eine sida. På motsett side formar ein eit hovud av den frie enden slik at det oppstår eit mothald. Ofte kallar vi dei de grovaste naglane for klinker og dei finaste for niter, men det er ikkje konsekvent. Denne samanføyingsprosessen kallar nagling, klinking eller niting, og større konstruksjonar som er laga på denne måten er klinkbygde.
Med vanlige massive naglar skjer arbeidet ved at ein held naglen fast i holet med eit mothald («dolly») og stukar den motsette enden slegge eller maskinhammar. Ved større arbeid krevst det to personar.
Blindnaglar er hole og blir leverte med ei stamme med eit lite hovud gjennom senterholet. Det er vanleg med nagle i aluminium og stamme i stål. Heile eininga bli sett i hoøet som er bora ut på førehand, og ein brukar e blindnagletong med mothald og ein mekanisme som trekkjer stamma med hovud inn i holet på naglen slik at den ekspanderer og dannar eit mothald. Stamma er svekka under hovudet, og det svekka partiet ryk ved ei fast trekkraft slik at berre sjølve naglen blir igjen. Denne operasjonen kan utførast frå ei side, og det har gitt namnet til slike naglar.
Kjelde: Wikipedia.