Det kan vere ulike årsaker til dårleg kompresjonstrykk eller arbeidstrykk. Det kan vere alt frå delvis tett luftfilter slik at motoren ikkje får nok luft, til utette ventilar, dårleg forbrenning av ulike grunnar eller utett topp-pakning. I verste fall kan årsaka vere slitasje på dei mekaniske komponentane i motoren, stempelringar, sylindrar mm.