1.8

Vi må ha ein clutch for å frigjere krafta frå motoren når vi har manuell girkasse.

Biletet viser komponentane i ein clutch. Clutchpedalen blir trykt inn og overfører kraft mekanisk (med wire), elektrisk eller hydraulisk til utløysarlager/trøstlager (3), som pressar inn senteret på trykkplata (2). Utløysarlageret trykkjer på nokre «fjører» som er sette opp som vektstenger. Når senter på trykkplata blir pressa inn, går den andre enden av kvar «fjør» motsatt veg fordi «fjørene» er opplagra ved (1). Då mister trykkplata presset sitt mot lamellplata, og clutchen frir ut. Då kan ikkje motoren lenger overføre kraft til girkassen.

Clutch.JPG
Foto: Karl Wikse.