Skade på veg. |
Aksellast er massen som kviler på kvar aksling på eit køyretøy. Denne massen er avgrensa for å unngå skade på vegbanen. Skaden på vegen har samanheng med marktrykket, som er proporsjonalt med massen som kviler på kvar aksling. Massen er enklare å måla enn marktrykket, og det er massen (kilogram eller tonn) som blir regulert av styresmaktene.
I Noreg er største tillatne aksellast på offentlege vegar regulert gjennom køyretøyforskrift og vegforskrift. Største tillaten aksellast har vegar i brukarklasse (Bk) 10. Her kan aksellasta på ein enkel aksling vere inntil 10 tonn, aksellasta på ein boggi 16 tonn og aksellasta på ein trippelboggi 22 tonn. To akslingar blir i denne samanhengen rekna som boggi når avstanden mellom dei er frå 1,2 til 1,79 m. Tre akslingar blir rekna som trippelboggi når avstanden mellom kvart par av dei ikkje overstig 1,8 m.
Bilen kan likevel ha éin drivaksling med aksellast inntil 11,5 tonn. Buss med luftfjøring eller tilsvarande fjøring kan ha noko høgare aksellast enn 10 tonn også på dei frittrullande akslingane.
Vekt og dimensjonar kan du lese meir om i Forskrift om bruk av køyretøy, kapittel 5.
Vegstyremaktene i Noreg utarbeider veglister med oversyn over tillaten aksellast på ulike vegar til ulike årstider. Nokre vegar har auka tillaten aksellast når marka er frosen (vinteraksellast), og nokre vegar har redusert aksellast under teleløysinga på våren.
Vekt, dimensjon, spesialtransport og vedlister finn du på Statens vegvesen sine nettsider.
Statens vegvesen har fleire bilvekter og utfører frå tid til anna kontrollar av aksellasta. Gebyr for overlast vert ilagt eigaren av køyretøyet, og det kan vere snakk om store summar. I tillegg risikerer føraren bot.