Vinterdekk

Monsterdybde.JPG
Mønsterdjupna skal vere minst 3 mm.
Foto: Wikimedia Commons, Fahi.

Vinterdekk er spesielt merka dekk med mønsterdjupn minst 3 mm. Dei er merket med M+S, som betyr «mud and snow». «Vinterdekk» som har mønsterdjupn mindre enn 3 mm er det ikkje lov å køyre med, sjølv ikkje om sommaren. Dekka skal ha meir enn 3 mm mønsterdjupn uansett årstid.

Piggar eller piggfritt?

Det er tre typar vinterdekk:

Piggfrie vinterdekk blir ofte kalla friksjonsdekk, og kan altså vere tilpassa nordiske eller mellomeuropeiske forhold.

Piggdekk har vanlegvis betre grep på isa vegar enn piggfrie vinterdekk. Piggane bidrar også til å skape ei ru overflate, slik at piggfrie vinterdekk får betre grep. Det blir kvart år utført testar på dekk, også på vinterdekk. Her kan det vere store skilnader frå år til år. Nokre piggdekk kan ha dårlegare eigenskapar på is enn piggfrie. Men vel du det beste piggdekket opp mot det beste piggfrie alternativet, er det beste piggdekket best på is

Ulempene med piggdekk er støy og at dei er lite miljøvennlege. Piggdekk slit på underlaget og produserer mykje støv. I storbyane klarer vi oss godt utan piggdekk fordi det blir salta på vegane. Men bur vi i distriktet og/eller har ei hytte på fjellet, bør vi vurdere om vi må ha piggdekk likevel.

På vinterføre har piggfrie vinterdekk for nordiske forhold eigenskaper som kan samanliknast med piggdekk, bortsett frå på is. På våte og tørre vintervegar er piggfrie vinterdekk for mellomeuropeiske forhold betre. Piggfrie vinterdekk for nordiske forhold har mjukare gummiblanding og meir seiping enn piggfrie vinterdekk for mellomeuropeiske forhold. Dekka blir seipa for å bli meir fleksible slik at dei får grep på ein større del av underlaget. Piggfrie vinterdekk har lågare støynivå og rullemotstand enn piggdekk.

Vi kan køyre på piggfrie vinterdekk om sommaren, men det blir frårådd på det sterkaste. Bremsestrekninga blir mye lengre enn med vanlege sommardekk, og den høge temperaturen gjer at dekka raskt blir slitne.

Sommardekk er heller ikkje eit alternativ til piggfrie vinterdekk. Gummiblandinga i sommardekk er tilpassa sommarforhold, noko som gjer at sommardekka blir for harde når det er kaldt.