Elektronikk

I nyare bilar er det svært mykje elektronikk, alt frå avansert datateknologi til enkle lyspærer. I læreboka og her på nettressursen kan du lese om dette eller du kan sjå videoar som for eksempel syner korleis vi måler enkle kretsar eller stiller inn og brukar eit oscilloskop.

Det er viktig å forstå det grunnleggjande innan elektronikk, for eksempel kva spenning, straum og motstand er, før vi prøver å lære den meir avanserte elektronikken. Mange ser dessverre på elektronikk som det vanskelegaste å lære for å bli bilmekanikar. Men dersom vi først forstår korleis for eksempel ein krets er bygd opp, kva som blir kravd for at ein lyskrets skal verke og korleis den skal målast, skal det lite til før elektroarbeid blir interessant og lystbetont.