Akselforskyving er om eitt av hjula står lengre bak enn det andre hjulet på same aksel. Sjå illustrasjon side 65 i læreboka.
Akselforskyving blir brukt for å lokalisere om noko er skeivt, og kor det er skeivt. For eksempel dersom føraren av ein bil har køyrt utfor vegen og treft en stein med høgre framhjul. Det trenger ikkje være synlege skadar, men ved kontroll av hjulstillinga oppdagar vi at høgre framhjul står lengre bak enn det venstre. Då må vi finne ut kva som er årsaka til det. For eksempel skeiv bærearm eller innfestingar, for å nemne nokre alternativ.