3.1

Støytdemparane skal avgrense rørsler i karosseriet. Ein bil med fjører, men utan demparar vil gynge kraftig dersom ikkje gynginga blir avgrensa på noko måte. Det resulterer i ein bil utan kontroll, spesielt under nedbremsing eller i svingar. Har bilen støytdemparar, blir den meir stabil og kontrollbar, gynginga blir redusert utan at det går særleg ut over komforten til føraren.

Ein støtdempar kan vere enkeltverkande eller dobbeltverkande. Ein enkeltverkande støytdempar gir liten eller ingen motstand ved rørsle i den eine retninga. I bilar er det viktigare å dempe rørsle av bilen oppover enn nedover. Ein dobbeltverkande støytdempar dempar fjøra/hjulet si rørsle begge vegar.

Støtdemper.jpg
Kjelde: Wikimedia Commons

Figuren viser ein gasstøytdempar. Ein tradisjonell oljedempar har same oppbygging og verkar på same måten, men den har ikkje gass.

A) Støytdemperstong
B) Stempel med ventilar
C) Sylinder/hus
D) Væske (olje)
E) Membran
F) Gass