Hovudområde

Hovudområdet omfattar service og vedlikehald og gjeldande forskrifter for køyretøy. Val og bruk av verktøy, utstyr og instrument inngår i hovudområdet. Vidare omfattar det bruk av dokumentasjon i samband med planlegging, gjennomføring og kvalitetssikring av arbeid.

På dei følgjande sidene kan du skrive inn kva du har gjort i forhold til kvart mål i læreplanen. Det du har skrive skal godkjennast av instruktøren/rettleiaren på arbeidsplassen.

Slik kan du ha kontroll på at du kjem deg gjennom alle læreplanmåla i løpet av praksisperioden din.