3.14

Skrubberadius er ein vinkel som oppstår mellom svingakselinja og dekket si angrepsflate mot bakken. Dersom denne vinkelen er utanfor toleranse, kan bilen bli overfølsam for ujamt underlag ol., eller det kan gi bremseskilnader og tyngre styring.

Den vanlegaste grunnen til at skrubberadius ikkje er innanfor toleranse, er byte av felgar til felgar med feil innpress eller at det er montert «spacerar» på bilen sine nav. Mange trur at dersom dei får hjula lengre ut i hjulbrønnen, får bilen betre stabilitet og ligg betre på vegen. Så enkelt er det ikkje. I mange tilfelle blir stabiliteten mykje verre. Monterer vi «spacerar» eller felgar med feil innpress på bilen, endrar vi ikkje berre skrubberadien, men også mange andre hjulvinklar.

Skrubberadius.jpg

Til venstre: positiv skrubberadius
I midten: skrubberadius 0
Til høgre: negativ skrubberadius