3.18

Stabilisatorstag har vi for å stabilisere bilen, særleg i sving.

Staget er festa mellom høgre og venstre bærearm, oftast berre framme, men nokre bilar har også eit stag bak. Mellom stabilisatorstaget og hjulopphenget på kvar side er det ein lenkjearm som går opp til fjørbeinet.

Stabilisatorstaget må vri seg når bilen kjem i sving fordi då blir bilen si ytterside pressa ned og den motsette sida blir løfta. For å redusere denne krenginga er det montert eit stabilisatorstag som må vri seg for å tillate krenginga. Staget er stivt og tillét berre litt vriding, og då vil ikkje bilen krenge så mye.