I dag har dei fleste bilane klimaanlegg (Air Condition, AC). Klimaanlegget held rett temperatur i kupéen. Det bidrar for eksempel til at sjåfør og passasjerar ikkje blir trøytte på grunn av varmen i kupéen, eller at utsynet blir redusert pga. dogg på rutene.
I dette kapittelet kan du sjå videoar som syner korleis AC-systemet verkar. Men hugs på at det krevst godkjenningspapir for å jobbe på eit slikt anlegg. Dette fordi gassen på anlegget er skadeleg for deg og andre.