Dersom pluggopninga er for stor, vil kanskje ikkje spenninga vere stor nok til at gnisten klarer å hoppe over opninga. Er pluggopninga for liten, kan det vere at gnisten ikkje er stor nok til å starte ei skikkeleg forbrenning. I alle tilfelle gir feil pluggopning dårlegare forbrenning, og det gir dårlegare effekt.