Service og vedlikehald:
Køyrelengda på bilen bør vere over 50 000 km.
- Utfør hovudservice i tråd med produsenten sine tilvisingar og retningslinjer.
- Val og bruk av rett olje, smørjemidlar og væsker til køyretøyet.
- Gi kunden ei reparasjonstilråding over feil/manglar på bilen.
- Vis og forklar sikkerheitsrutinar som er må til for arbeid med et komfort-/klimaanlegg. Forklar oppbygging og verkemåte til klimaanlegget.
- Vis og forklar kva produktdatablad og HMS-datablad som er aktuelle for denne modulen.
Feilsøking, diagnose og reparasjon:
- Utfør ein trykk- og lekkasjetest av bilen sitt kjølesystem.
- Utfør ein kontroll og måling av oljetrykket i motoren. Forklar kva motorfeil som påverker oljetrykket.
- Vis på bilen og forklar oppbygging og verkemåte til innsprøytingsanlegget og tenningsanlegget.
- Utfør ein kontroll og feilsøking av to ulike komponentar med tilhøyrande elektriske kretsar i motorstyringssystem og tenningsanlegg i bilen. Vis og forklar framgangsmåten ved bruk av relevant utstyr, rep. litteratur og koplingsskjema.
- Utfør ein kontroll av spenningsfall i ladekretsen og gi di vurdering av måleresultatet. Vis korleis du vil feilsøke i kretsen om spenningsfallet er for stort.
- Bilen er vanskeleg å gire frå 3. til 2. gir (manuelt gir). Feilsøk på den aktuelle bilen, vurder, og beskriv mogelege årsaker til problemet. Vis på ein demontert girkasse mogelege årsaker til problemet.
- Utfør ein kontroll av bremsesystemet på den aktuelle bilen, gi di vurdering av resultatet. Forklar oppbygging og verkemåte.
- Utfør 4-hjulsmåling og gjer nødvendige justeringar av hjulvinklar. Forklar dei ulike vinklane og kva dei har å seie for dekkslitasje.
- Vis og forklar verkemåten til ulike aktive og passive interiørmessige sikkerheitsdetaljar.
Kommunikasjon og kvalitet:
- Beskriv bedrifta si oppbygging og organisering.
- Vis og forklar bedrifta sine system for intern kontroll.
- Gjer greie for bransjen sine rutinar for reklamasjon og kvalitetssikring.
Dokumentere kvalitetskontroll:
- Alle oppgåver skal utførast i tråd med reglar for avfallshandtering, helse, miljø og sikkerheit.
- Utfør kjeldesortering og behandle spesialavfall i samsvar med gjeldande regelverk.
- Dokumentere kvalitetskontroll på utførte arbeidsoppgåver.
- Alle utskrifter og dokumentasjon av kvalitetskontroll skal vedleggast plan- og dokumentasjonsskjema.
Hjelpemiddel:
- Reparasjonshandbøker og annan teknisk informasjon som er brukt under prøva skal visast fram som dokumentasjon for val av reparasjonsløysing og vurdering av avlesne verdiar.
- Alle hjelpemiddel kandidaten har brukt i læretida kan brukast under prøva.
Det vil under prøvevurderinga bli lagt vekt på korleis kandidaten bruker verktøy, servicelitteratur og tekniske data i samband med prøvearbeidet.
Tidsforbruk: Prøven skal gjennomførast på 22 timar.