3.2

Stabilsatoren skal avgrense dei krengande rørslene sidevegs. Sjå biletet nedanfor.

Stabilisatorstaget er festa på midten av karosseriet. Ute ved hjulet er det anten festa direkte til bærearmen eller ved hjelp av små lenkearmar til bærearmen. Når hjulet på den eine sida i ein sving blir pressa opp på grunn av fysiske lover, må det også dra med seg hjulet på den andre sida fordi staget også er festa til bærearmen på denne sida. Det hindrar bilen å krenge.

Staga kan finnast i mange ulike stivleiksgrader, alt etter kva bilen skal brukast til. Det er for eksempel skilnad på staga i ein sportsbil og i ein familiebil.

Stabilisatorstag.jpg
Foto: Karl A. Wikse