I eit skivebremsesystem er det ikkje trong for sjølvjusteringsmekanismar .
På skivebremsar er det pakninga kring bremsestempelet i bremsecaliperen som vrir seg fordi den er firkanta. Men av di det ikkje er nokon returfjører i dette systemet, er det berre vridninga på pakninga og "ønske" om å komme attende til rett posisjon som får klossene akkurat nok bort frå bremseskiva. Kvar gong vi bremsar blir stempelet pressa litt lenger ut og returnerer ikkje meir enn kva pakninga i caliperen "ønsker". Derfor er det ikkje trong for noko ekstra sjølvjusteringssystem på skivebremsar.