Fjører

Dei første bilane hadde bladfjører, ein teknologi som stammer frå hestekjerrene. Moderne bilar har som regel skruefjører/spiralfjører  eller torsjonsstavar. Tyngre køyretøy har som regel fremleis bladfjører.

Det er blitt meir og meir vanleg med luftfjøring, særleg på bakakselen, for å sørgje for at bilen har same bakkeklaring heile tida. Det gjer fjøringa endå meir komfortabel. Skal vi for eksempel variere køyrestilen mellom komfortabel køyring på veg i 80 km/t over lengre tid, til sportsleg køyring på bane, er luftfjøring nyttig. Citroen bruker hydraulisk fjøring på nokre bilar, som ein kombinasjon mellom hydraulikk og pneumatikk.

Nokre bilar har også demparar der ein kan justere dempareigenskapane elektronisk.

Spiralfjær.JPG Luftfjæring.JPG
Spiralfjør. Luftfjøring med multilinkoppheng.
Begge foto: Karl A. Wikse.