Førarhytta

Speil_lastebil.JPG
Lastebilar har ofte fleire speglar for å redusera dødvinklane.
Foto: Wikimedia Commons.
Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0 Unported

Førarhytta har ei høg plassering slik at føraren har god sikt framover. Den høge plasseringa gjer at ein kan sjå over personbilar. Men utsikta bakover er blokkert av påbygg eller last, så føraren må nytta sidespeglane for å fylgja med i trafikken. Når ein køyrer med hengar, er det naudsynt å følje plasseringa til hengaren i vegkryss og rundkøyringar. Lastebilar har derfor fleire sidespeglar, med noko ulik vinkel, for å redusera dødvinklane.

Etter som lastebilsjåførar sit i førarhytta det meste av arbeidsdagen, er det viktig med rett køyrestilling og god komfort. Fjøringa på lastebilar er stivare enn på personbilar, men førarhytta og setet er avfjøra, og på bra veg er komforten god. Alle nyare lastebilar har servostyring, servoassistert kopling og trykkluftmekaniske eller trykklufthydrauliske bremsar, så det er ikkje naudsynt å nytta stor kraft under køyring. Funksjonar som differensialsperre, eksosbrems og boggiløft er elektropneumatiskt opererte.

Lastebilar som vert nytta til langtransport har ofte så stor førarhytte at det er plass til ei seng eller to (i høgda) bak føraren. Slike hytter har òg plass til å montera kjøkkenutstyr som til dømes kaffetraktar, kjøleskap og mikrobølgeomn.

Kjelde: Wikipedia.