Foto: Karl A. Wikse. |
Ved første augekast ser nesten alle dekk like ut. Men undersøkjer du nøyare, vil du oppdage at nyare dekk har køyreeigenskapar, køyrekjensle, støynivå, komfort, stopplengde og drivstofforbruk som er langt betre enn for dekk som blei konstruert for berre få år sidan. Men du ser ikkje det berre ved å sjå på dekket på utsida. Dekka må testast for at du skal sjå kva styrke og svakheiter dei ulike dekka har.
I dag finst det dekk som inneheld inntil 200 ulike råmaterialar, og med ein kompleks arkitektur. Dekkprodusentane konkurrerer om å levere det dekket som gir dei beste resultata i vegtestar. Der blir det konkurrert om kva dekk som har kortast bremselengd, er best til å drenere bort vatn, har best grep i svingar og i tillegg lagar lite vegstøy og gir lågast drivstofforbruk. Alle slike testar blir utførde på vått og tørt føre.
I tillegg er dekket sin utsjånad eitt av mange vurderingskriterium for kundar som skal kjøpe dekk.
Det finst mange ulike dekktypar med ulik konstruksjon. Men konstruksjonsprinsippet er det same for alle dekktypane. Skilnaden ligg i gummiblanding, talet kordlag, kor grovt mønsteret er og om det er vinter- eller sommardekk.
I 1946 revolusjonerte innføringa av radialdekket dekkindustrien. På biletet ser du eit tverrsnitt av eit radialdekk som viser korleis det er bygd opp. I dag er radialdekket det eineste som blir selt – dette på grunn av fordelane med god styreevne, kjørekjensle og utsjånad.
Figur: Wikimedia Commons. |
Radialkonstruksjonen gjer at dekket lettare tilpassar seg ujamn vegbane. Radialdekk produserer også langt mindre friksjon, noko som gjer at dekkmønsteret varer mykje lenger. Øvst på dekket er det eit belte som består av to eller fleire lag som ligg oppå kordstamma. De er vanlegvis av stål, men kan vere laga av andre materialar. Desse beltelaga ligg oppå kvarandre og blir overlappa av ein vinkel som blir bestemt av dekktypen. Tjuknaden på beltet og sidevegglaga er ulike, slik at funksjonen for dei ulike delane av dekket blir meir spesialisert. Beltet jobbar uavhengig av slitebanen og sideveggene.
Den ytste delen av dekket, dekkmønsteret, blir ofte utsett for dei største påkjenningane. Eit vinterdekk har for eksempel mjukare gummiblanding for lettare å få feste på glatt og kaldt underlag. Eit sommardekk har mykje mindre spalte/spor i mønsteret og er berkna for varmare vêr og skal berre drenere bort vatn. Derfor har sommardekk mykje hardare gummiblanding enn vinterdekk.
Vinterdekk utan pigg er ueigna til bruk om sommaren. Det er ikkje forbode å bruke dei om sommaren, men gummiblandinga blir svært mjuk når det er varmt. Då kjennes det som om bilen «sym». Bremselengda aukar og feste i sving blir dårlegare. Dekka er bygde for vinterkøyring, ikkje for køyring om sommaren. På same måten er eit sommerdekk ikkje bygd for vintervegar. Gummien blir for hard, vi får ikkje feste til underlaget.
Designen på dekkmønsteret kan variere mykje frå produsent til produsent. Knastane sørgjer for veggrep gjennom framre og bakre kant. Knottane er ofte skorne opp (seipa) for å gi ekstra godt veggrep. Sporane/dekkmønsteret er konstruert slik for å kunne leie ut vatn mellom dekket og underlaget.
Det er ikkje lov å velje lågare hastigheitsindeks enn bilen er konstruert for, sjølv om vi bur i Noreg og har fartsgrense 80–100 km/t. Det eineste tilfellet vi har lov til å velje lågare hastigheitsindeks, er på vinterdekk. Det kan føre til dårleg veggrep og dårlege styreeigenskapar. Ønskjer vi betre styrerespons, er det betre å skaffe eit dekk med høgare hastigheitsindeks.
Vi bør aldri ha ulike hastigheitsindeksar på køyretøyet – det kan gi uventa sleng og dårleg veggrep.
Det er opp til føraren å vurdere om køyretøyet er godt nok sikra før bruk av bilen
Er det noko krav til at dekka ikkje må vere for gamle? Nei dessverre, men gummi er ferskvare og det er tilrådd å byte dekk som er meir enn 4–5 år gamle. Førebels er det opp til kunden å bestemme om han/ho vil byte dekk, men det skal kontrollerast på service om dekka er for gamle. I så fall blir kunden tilrådd å byte dekk. Snakk med verksmeister for å finne ut kva som er praksis der du jobbar. Blir dekka for gamle tek dei til å sprikke i sidene og faren for at dei punkterer under køyring er stor.