Oppbygging – lastebil

Tippbart førerhus.jpg
Eldre lastebil (frå 1960-talet) med tippbart førarhus.
Foto: Wikimedia Commons, Norbert Schnitzler.

Lastebilar er bygde på ei stålramme, sett saman av to langsgåande U-bjelkar. Dei vert heldt saman av fleire tverrbjelkar. Akslane er festa til ramma med blad- eller luftfjører og støytdemparar. Ramma er ikkje heilt stiv, men kan vri seg etter underlaget. Både ramma og fjørene er slik med på å ta opp ujamnheiter i vegen. Dei alle fleste lastebilane har stive akslingar og er utstyrte med blad- eller luftfjører. Luftfjører blir meir og meir vanleg, spesielt på trekkvogner og bilar med trippelboggi.

Motoren er plasser i framkant av ramma, enten framom eller under hytta. Når motoren er plasser framom hytta, blir bilen kalla «snutebil» eller «normalbygd». Når hytta står over motoren, blir han kalla «frambygd» eller «bulldog». Tidlegare var snutebilar mest vanlege, men i dag er bulldogbilar mest utbreidde. På bulldogbilar kan ein større del av totallengda nyttast for last enn på snutebilar. Når hytta står over motoren, sit førarane høgare og har noko betre sikt enn på snutebilar. Bulldogbilar har tippbart førarhus, slik at det er mogeleg å koma til motoren for reparasjon og ettersyn. Snutebilar er noko billigare å produsera, og der ein ikkje har bruk for langt lasteplan blir snutebilar framleis nytta. Typiske døme er dumperbilar, der lasta har så stor tettleik at ein ikkje treng så stor lengd på dumparkassen. I Nord-Amerika er snutebilar framleis utbreidde, noko som heng saman med at ein der stort sett nyttar trekkvogn med semitrailer og at lengdeavgrensninga gjeld for semitrailerar, ikkje for heile vogntoget. Ein taper difor ikkje noko på å nytta lange snutebilar som trekkvogner. Lokal tradisjon spelar òg ein viss rolle.

Lastebilar kan ha enkel bakaksel eller boggi, og det er som oftast tvillinghjul på begge akslane. Av di styresmaktene set grenser for aksellasta, er lastebilar ofte utstyrte med boggi. I nokre tilfelle kan det vera montert ein aksling med enkle løpehjul framom boggien («pusherboggi») og/eller rett bak framakselen. I det siste tilfellet er løpehjula mekanisk eller hydrauliskt tvangsstyrte. Løpehjula er som oftast utstyrte med luftfjøring.

Kjelde: Wikipedia.