På fagprøva blir det stilt store krav til deg. Då må du gjere greie for mykje, og svare på spørsmål frå sensor. Sensor kan mellom anna ta opp ulike emne innan bransjelære, for eksempel korleis bedrifta du jobbar i er bygd opp eller kva ei botnlinje er for noko. Bransjekunnskap er nyttig ikkje berre til fagprøva, men først og fremst når du kjem ut i arbeidslivet etter bestått fagprøve. Kanskje det bur ein gründer i deg, slik at du kan starte di eiga bedrift? I så fall er det viktig med gode bransjekunnskapar.