MAN brøytebil med kjetting. Foto: Wikimedia Commons, Sonaz. Attribution-Share Alike 3.0 Unported |
I Noreg er det krav om at mønsterdjupna på dekk skal vere minst 1,6 mm utanom piggdekksesongen. Køyretøy over 3500 kg skal på glatt føre ha vinterdekk med mønsterdjupn på minst 3 mm, men 5 mm blir tilrådd. Vinterdekk skal vera merkte med «M+S» (mud and snow), som syner at gummikvaliteten er tilpassa vinterføre.
Piggdekk kan nyttast i perioden 1. november til fyrste måndag etter 2. påskedag (i Nordland, Troms og Finnmark er piggdekksesongen sett til 15. oktober til 1. mai). Talet på piggdekk vera likt på begge sider. På tvillinghjul kan vere piggdekk på indre, ytre eller begge hjula, men det må vere likt på begge sider. Når det blir montert piggdekk på tilhengar, må det monterast piggdekk på alle hjula, men på tilhengarar med tvillinghjul treng det ikkje vera piggdekk både på indre og ytre hjul.
I piggdekksesongen og når det kan ventast glatt føre, er det krav om at lastebil skal ha med minst tre kjettingar, to for drivhjula og ein for eit framhjul (styrekjetting). For vogntog er det krav om å ha med minst sju kjettingar, to for drivhjula, ein styrekjetting og fire for tilhengarhjula. På toaksla tilhengar (slepvogn) blir det som oftast montert ein kjetting på kvar aksling, ein på venstre og ein på høgre side, på ei side på framre aksling og på andre sida på bakre aksling. Det hindrar slepvogna i å skli sidelengs.
Kjelde: Wikipedia.