Så lenge vi ikkje endrar rulleomkrinsen kan vi gå opp så mange storleikar vi ønskjer. Men dekket/felgen må ikkje ta borti noko eller stikke utanfor skjermkanten.
Rulleomkrinsen er dekket sin bane som ligg mot underlaget. Det vil seie kor langt det er frå eit punkt i dekkbanen, rundt heile dekkbanen, og attende til det same punktet. Dersom vi endrar denne avstanden, vil for eksempel speedometeret vise feil hastigheit.