Eksos

Skadar frå eksos

Eksos.jpg

Dårleg forbrenning fører til sotpartiklar i eksosen.
Foto: Wikimedia Commons, U.S. Environmental
Protection Agency. Public domain.

Studiar tyder på at eksos kan føre til nedsett lungefunksjon hjå born og auka risiko for hjarteåtak. Ei anna studie fann samanheng mellom dieseleksos og hjarte-/kar-sjukdomar og lungesjukdomar.

Nyare lastebilmotorar har avanserte reguleringssystem som tilpassar innsprøytingstidspuntet og drivstoffmengda etter belastninga og turtalet. Det gir meir effektiv forbrenning og mindre skadelege partiklar i eksosen. Føraren kan òg i stor grad påverke brensleforbruket og dermed forureiningsgraden, ved å vere nøye med å nytta rett gir og turtal. Sjølv om førarhyttene er meir straumlinjeforma enn tidlegare og bruk av takvengjer har ført til redusert luftmotstand, er lastebilar framleis ikkje like aerodynamiske som personbilar. Luftmotstanden aukar med farten, så drivstofforbruket kan til ein viss grad reduserast ved å redusere farten. Med tanke på miljøet, men òg økonomien, kan den norske fartsgrensa for lastebil på 80 km/t ha ein positiv innverknad.

Ein annan måte å redusera drivstoffforbruket, og dermed forureininga, på er å gå over til større vogntog, slik at talet på dei kan reduserast. For eksempel kan drivstofforbruket reduserast med 20% i EU-området ved å tillate modulvogntog med maksimallengd på 25,25 m (mot 19,5 meter i dag) og totalmasse på 60 tonn (mot 50 i dag).

Kjelde: Wikipedia.