Avgassar

Det har vore mykje fokus på avgassar frå bilar dei seinare åra. Vi er opptekne av kor mykje CO2 eller NOx-gassar som blir slepte ut av motoren. Er det for eksempel mindre utslepp frå ein dieselmotor enn frå ein bensinmotor? Eller er det omvendt?

Uansett kva drivstoff ein forbrenningsmotor går på vil den sleppe ut skadelege avgassar i ei eller anna form, sjølv om motorfabrikantane har gjort mykje for å redusere utslippa mest mogeleg. NOx-utsleppet frå dieselbilar er blitt sterkt redusert ved innføringa av Euro 6, men det er framleis høgare enn utsleppet frå bensinbilar. For bensinbilar er CO2-utsleppet høgare enn for dieselbilar. Spørsmålet er derfor kva vi skal ta mest omsyn til, det lokale miljøet der dieselmotoren skapar størst problem eller det globale miljøet der bensinmotoren er den største syndaren.

Av filmane i dette kapittelet kan du lære meir om kva som er i eksosen og kvifor utsleppa inneheld det dei gjer. Du vil også lære kva utstyr motorfabrikantane har montert på motorane for å redusere utsleppa.