Svingskive er ei kopling mellom ei trekkvogn og ein semitrailer. Semitraileren kviler på svingskiva og er låst til ho med ein koplingsbolt. Svingskiva er opplagra på trekkvogna slik at ho er fri til å vippa i lengderetning. Svingskiva er innsett med feitt på toppen slik at semitraileren kan rotera fritt i svingar. Trekkvogna og semitraileren kan slik røra seg relativt fritt i høve til kvarandre. Koplingsbolten og svingskiva tek òg opp horisontale krefter.
For å hindra slitasje på svingskiva lyt ho smørjast jamleg. Eit alternativ til smørjing er å plassera eit lag med teflon over svingskiva. Teflonlaget er omlag 1 cm tjukt og tek form etter svingskiva.
Ved tilkopling blir høgda på semitraileren og trekkvogna tilpassa slik at det såvidt er opning mellom dei. Ei lita opning er ynskjeleg for at ein ikkje skal skrapa av feittet på skiva. Moderne trekkvogner er utstyrte med luftfjøring som gjer det lett å regulera høgda på trekkvogna før samankopling. Når trekkvogna blir rygga inn under semitraileren, blir koplingsbolten som stikk ned frå semitraileren automatisk låst av ein arm som går i lås bak bolten. Ved fråkopling må koplinga løysast ut med ein spak som stikk ut på sida av svingskiva.
Koplingsbolten på undersida av semitraileren |
Svingskive på trekkvogn. Spaken som stikk ut vert nytta for å løysa ut koplingsbolten ved fråkopling. Foto: Wikimedia Commons, GeorgHH. |