7.45

Vi ser at dette er ein parallellkopla krets. Fordi straumen deler seg på fleire motstandar, går erstatningsmotstanden ned (motstanden vi kan erstatte dei tre motstandane med).

Underleg? Ikkje eigentleg. Tenk deg at du har ein vass-slange og at du klarer å få igjennom den slangen ca. 5 liter i minuttet. I enden av slangen koplar du på tre slangar som alle tre har ulike diametrar. Når vatnet kjem til forgreininga, vil det ha tre vegarr å gå og fordeler seg på tre nye slangar. Sjølv om slangane har ulik motstand/diameter, vil vatnet ha lettare å renne enn de hadde før fordi det har tre vegar å gå, ikkje bare éin veg.

Tilbake til utrekninga:

Vi bruker Ohms lov: U=R*I. Men vi må rekne ut erstatningsmotstanden før vi set den inn i formelen. Då bruker vi formelen for parallellkopla motstandar, som er 1/rt = 1/r1 + 1/r2 + 1/r3 ... etter kor mange motstandar du treng å rekne på. Då får vi:

1/r = 1/10 + 1/20 + 1/30

For å leggje saman brøkane, må vi finne felles nemnar:

1/r = 6/60 + 3/60 + 2/60 = 11/60

1/r = 11/60 <=> r/1 = 60/11 <=> r = 60/11 = 5,5, dvs. 5,5 Ω.

Vi ser at erstatningsmotstanden r blir mindre enn den minste av motstandane. Vi set dette inn i formelen og får:

I=U/R = 12 V / 5,5 Ω = 2,2 A.

Med andre ord er den totale straumen i kretsen ca. 2,2 A. Men straumen over kvar enkelt motstand er ikkje 2,2 A. For eksempel vil straumen i den første motstanden vere 1,2 A, i nummer to vil den vere 0,6 A og i den tredje 0,4 A. Til saman er straumen 2,2 A. Frå batteriet og fram til der straumen deler seg er den 2,2 A. Og frå det punktet der leidningane blir samla på minussida av batteriet er også straumen 2,2 A.

Sjå om du klarer å finne ut korleis det er rekna ut (tenk seriekopling).

 

Merk: Skal vi rekne med kombinerte kretsar, både seriekopla kretsar og parallellkopla kretsar, må vi rekne dei kvar for seg og leggje dei saman etterpå.