Tenk på kva styrande komponentar som roterer når vi styrer. Rattakselen roterer fleire gonger dersom du har store rattutslag. På denne akselen har vi mange ledd. Eitt av desse ledda står i motorrommet og er mykje utsett for vatn, salt og ureinske, og kan pga. påkjenninga begynne å ruste. Ruster dette leddet fast, får vi kjensla av vekslingar mellom tung og lett styring.
For å vere helt sikre på om det er dette leddet som gir symptoma, må vi demontere leddet og bevege det i alle retningar for å sjå etter tregheit i ei eller anna retning.