Dei fire taktane er:
Innsugstakten. Innsugsventilen opnar seg og stempelet går frå øvre dødpunkt mot nedre dødpunkt og skapar eit vakuum over stempelet. Det sug inn luft og bensinblanding i bensinmotorar, berre luft i dieselmotorar.
Kompresjonstakten. Alle ventilane er stengde og stempelet går frå nedre dødpunkt til øvre dødpunkt og komprimerer bensin- og luftblandinga i bensinmotorar, lufta i dieselmotorar.
Arbeidstakten. Rett før stempelet når øvre dødpunkt blir blandinga tend ved hjelp av ein tennplugg i bensinmotorar. I dieselmotorar skjer innsprøyting av diesel, og den sjølvtenner pga. høg temperatur. Når det skjer, blir stempelet utsett for ei kraft som pressar det frå øvre dødpunkt til nedre dødpunkt.
Eksostakten. Eksosventilen opnar seg. Stempelet går frå nedre til øvre dødpunkt, pressar eksosen ut gjennom eksosventilen og gjer klar for ein ny syklus.