Styring

Det finst to hovudtypar av styring:

Tannstong

Den eine typen er tannstong og stag som går mellom hjula. Midtpartiet har tenner, og rattakslingen med tannhjul kan få stonga mellom hjula til å flytte seg frå side til side.
Fordelane med tannstongstyring er få delar og presis styring.
Den finst med eller utan servo. Nesten alle bilar i dag har servostyring.

Styresnekke

Den andre typen, som er mest vanleg på litt større eller eldre bilar, er styresnekke. Eit stag som utgjer rattakselen kjem ned frå rattet, og ved hjelp av eit tannhjul flytter det ein arm som vi kallar pitmanarm. Den svingar anten til høgre eller venstre, avhengig av kva veg vi svingar. På pitmanarmen er det festa to stag: eitt som går over til høgre og er festa til hjelpesnekka, som igjen har eit stag festa til seg, og som går ut til hjulet på høgre side. Det andre går direkte ut til hjulet på venstre side.
Ein av ulempene med dette systemet er at det ikkje gir tydeleg styringsrespons. Og fordi det består av mange delar, er det også fare for at det kan oppstå slakk fleire stader.
Fordelane er at vi kan montere styringa litt etter kva vi ønskjer. Tannstonga er litt i vegen uansett kor den er plassert.

Tannstang.JPG
Styresnekke/tannstong. Foto: Karl A. Wikse.

Servostyring

Det finst fleire typar styringsservo. Dei fleste styringssystema har i dag ei eller anna form for servoeffekt. Styringa kan drivast av trykket frå ei servopumpe, drive av drivreima ved generatoren. Andre typar har ein elektrisk motor montert direkte på rattakselen eller ei elektrisk hydraulikkpumpe som lagar hydraulisk trykk.

Det er vanleg på nyare bilar, avhengig av utstyrsnivå, med ein elektrisk motor som er montert på rattakselen som styreservo. Målet er å avgrense talet på delar, men systemet gjer det også lettare å programmere eller legge til rette for parkeringshjelp når computar i bilen skal parkere den for deg. Den styrer den elektriske motoren på rattakselen og svingar rattet basert på data frå parkeringssensorane, kamera i frontruta og posisjonen som rattet har. Den same computeren gir melding til motorcomputeren om å regulere gassen ved å åpne eller stenge det motoriserte gass-spjeldet. Den gir melding til ABS-computeren om å bremse når det trengs. Den eineste jobben føraren må gjere, er å skifte gir etter kvart som displayet i bilen gir melding om det. Vi forstår at parkeringshjelpcomputeren er avhengig av å gi og motta signal til og frå heile bilen. Det hadde nærmast vore uråd utan at bilen er utstyrt med eit nettverk der datatrafikk kan gå raskt mellom de mange computarane i bilen.