9.7

AC-anlegg_nyn.jpg
  1. AC-kompressor
  2. Elektrisk inn-/utkopling av AC-kompressor
  3. Kondensar
  4. Kjølevifta i grillen
  5. Tørkefilter
  6. Fordampar
  7. Kupévifte
  8. Ekspansjonsventil

AC-kompressoren (1) skal skape trykk i systemet slik at gassen sirkulerer. Det finst ulike typar kompressorar. Nokre er variable, andre gir ei konstant mengd/trykk. Desse blir kopla inn eller ut ved hjelp av ein magnetkontakt (2). Gassen blir transportert gjennom høgtrykksrøyr til kondensaren (3) som kjøler den ned slik at den går over i væskeform. Kondensaren er avhengig av at kjølevifta (4) heile tiden bles på låg hastigheit for å oppnå best kjølande effekt. Verkar ikkje kjølevifta, blir effekten på AC-anlegget sterkt redusert. Vidare går væska, framleis under høgt trykk, gjennom tørkefilteret for å fjerne alle restar av vatn som måtte finnast i systemet. Ein liten vassdråpe kan skape store skadar i systemet. Dersom systemet har stått ope lenge, må vi ofte byte tørkefilteret.

For å fjerne mesteparten av vatnet i tørkefilteret og i systemet elles etter at det har stått ope ei stund, må vi utføre ei lang vakuumering for å sikre at all væske er ute av systemet.

Så kjem væska til ekspansjonsventilen (8) der trykket fell og temperaturen på kjølemiddelet sig. Det merkar du ved at røyret blir kaldt. Det er her væska går frå flytande væske og over i gassform. Denne ventilen står som oftast plassert i torpedoveggen. Det er ekspansjonsventilen som styrer kor kald gassen skal vere når den kjem til fordamparen. Det er ved å regulere opninga på ventilen at temperaturen blir justert.

Fordamparen (6), fungerer som kupéradiatoren, bortsett frå at den gir kulde, ikkje varme. I fordamparen går væska over i gassform (som vi ser på illustrasjonen). Gjennom fordamparen bles kupévifta (7) luft ut gjennom luftdyser kring i kupéen. Sidan fordamparen er kald, avgir den kulde til lufta fra kupévifta, og lufta kjøler ned kupéen. Men når varm luft treff ei kald flate, blir det avgitt vatn til den kalde overflata, og slik blir fukt fjerna frå lufta i kupéen. Derfor kan vi sjå at det renn vatn ut under ein bil med AC-anlegg, og som går på tomgang.

Det kan vere lurt å bruke aircondition også om vinteren for å fjerne kondens frå kupéen.