I dette kapittelet, anten i læreboka eller her på nettressursen, kan du lære om korleis drivverket er bygd opp og verkar. På nettressursen ligg det mange videoar som forklarer korleis ulike delar i drivverket verkar, for eksempel clutch og differensial. Du vil også finne videoar som viser firehjulsdrift og differensialsperre. Det er hjelpemiddel som gjer det lettare å komme seg fram på glatte vegar eller i terrenget.
Det er viktig å forstå korleis utstyret verkar og kvifor det finst. Det blir du spurt om til fagprøva. Sensor til fagprøva vil for eksempel ikkje berre høyre at det finst noko som heter differensialsperre, men er mest interessert i å høyre kvifor den finst og koleis den verkar.