3.12

Spissing har vi for at hjula på same aksel i størst mogeleg grad rullar parallelt. Når vi køyrer, vil hjula bli pressa ut i forkant eller inn i forkant, alt etter om det er en framhjulsdriven eller bakhjulsdriven bil vi kjører, og om vi måler på framhjula eller bakhjula. Dei drivande hjula vil etter beste evne prøve å få fremste del av hjula til å møtast, medan dei hjula som ikkje er drivande har motsett verknad. Alle typar hjuloppheng har litt «slakk» i alle rørlege deler. Toe inn eller toe out skal kompensere for dette.

Når spissing er utanfor toleranse, må vi justere styrestaga til verdiane er innanfor toleranse. Rattet må stå rett fram når vi justerer spissinga.

Årsaken til at spissinga er utanfor toleranse er oftast at føraren har køyrt for hardt mot ein fortauskant, hol i vegen ol. Det kan også skuldast slitasje i styrande komponentar, som endeledd (indre/ytre) eller i sjølve styresnekka.