Alternative framdriftsteknologiar

Alternative framdriftsteknologiar finst det mange av, og det er ikkje lett å vite kva som blir den dominerande framdriftsteknologien i framtida. Men krava til stadig mindre utslepp frå køyretøy har tvinga bilfabrikantane til og tenkje på alternativ til forbrenningsmotoren og på meir miljøvennlege framdriftsteknologiar.

I augneblinken ser det ut til å vere elbilar eller hybridbilar som tek over marknaden i Noreg, men kva som er marknadsleiar om for eksempel 10 år, er det ikkje lett å spå. Det er viktig for ein mekanikar å lære seg ny teknologi og å vere i stand til å reparere bilar med slik teknologi. Derfor må vi følgje med på det nye som kjem.

I dette kapittelet er det nokre videoar som forklarar nokre av desse alternative teknologiane. På verdsbasis blir det forska mykje på hydrogen som drivstoff, og det ser ut til å slå an. Om det også vil slå an i Noreg vil tida vise.