Tilhengarkopling

Bøylekopling.jpg
Bøylekopling på trekkvogn.
Foto: Wikimedia Commons, Elkawe.

Store slepvogner og påhengsvogner vert kopla til trekkvogna med bøylekopling. Denne typen har ein kraftig vertikal bolt som går gjennom auget på tilhengardraget. Før tilkopling vert bolten løfta opp, slik at han så vidt stikk ned. Trekkvogna vert så rygga til auget på draget går inn mellom dei to horisontale platene. Bolten vert då løfta litt opp, noko som løyser han ut slik at han vert pressa ned i auget av ei fjør. Bolten vert låst i nedre stilling. På grunn av den automatiske låsinga vert koplinga av og til kalla «automatkopling». Nokre bøylekoplingar er berre godkjente for trekking av slepvogn, medan andre er godkjente for både slepvogn og påhengasvogn.

Små tilhengarar, arbeidsbrakker og liknande vert av og til kopla til bilen med krokkopling. Denne typen er mykje nytta på militære lastebilar og blir i blant kalla «NATO-kopling». Kulekopling, av ein liknande type som på personbilar, var tidlegare i bruk for tilkopling av småhengarar, men blir no sjeldan nytta.

Semitrailerar blir kopla til trekkvogna med ei svingskive.