7.29

CANbus og andre datanettverk er kommunikasjonsnettverk som blir brukt i bilar for at ulike komponentar kan «nakke saman» på ein rask måte utan forstyrringar frå andre komponentar i bilen. Nettverka er til for at bilen sine ulike computerar kan samarbeide om felles sensorar. For eksempel kan hastigheitssignalet brukast både av motorcomputer, cruisekontroll, ESP og ABS, for å nemne nokre.

Dersom for eksempel ESP-systemet registrerer at bilen har begynt å gli ut i ein sving, kan ESP-computeren sende ut eit signal via CANbus-linjene til motorcomputeren, motorcomputeren skrur av gasspådraget ved hjelp av det motoriserte gass-spjeldet, signalet blir samstundes gitt til ABS-computeren med melding om kva hjul som skal bremsast og kor mye.

CANbus er altså til for auka samarbeid mellom computerane i bilen. Utan dette systemet hadde det ikkje vore mogeleg med så mykje utstyr på bilane. Sjå sidene 189–195 i læreboka.