Fagprøva

No nærmar det seg fagprøva og nervane tar til å merkast. Det er god trening å la ein kollega som du har tillit til spørje deg ut og la vedkommande stille mange spørsmål med «kva», «kvifor» og «korleis» medan du fortel. Øv deg på å føre samtalen, unngå at kollegaen må streve for å få deg til å snakke. Det blir ikkje godt motteke på fagprøva dersom sensor må «hale» orda ut av deg.

Under «knappen» til høgre finn du et eksempel på korleis ei fagprøve kan sjå ut. Den ser kanskje ikkje så avskrekkande ut, men sensor kjem til å stille mange spørsmål, for eksempel kvifor det er luftfilter på ein bil. Etter kvart som du svarar kjem det nye spørsmål som kjem stadig lengre inn på korleis motoren verkar.

Under neste «knapp» ser du korleis ei vurdering etter endt fagprøve kan sjå ut. Vi håper di fagprøve blir godkjend, og ønskjer deg lykke til!